”Rødme” er ei novelle skriven av Espen Haavardsholm, som handlar om forelsking. Novella blei gitt ut i novellesamlinga ”Noveller for ungdom” frå 2002. Den tek for seg ulike hendingar og konfliktar som ungdom kan ha, men har fått kritikk for å vere for tradisjonell og ikkje greie å spegle dagens ungdom.
Forteljinga tek for seg to personar: ”han”-personen som seinare viser seg å vere forteljaren, og Gun-Eva. Guten er tretten og eit halvt år gammal og viser trekk som kan skjule ei forelsking, som for eksempel at han skildrar jenta konsekvent positivt, slik at ho står fram som eit perfekt menneske for han. I tillegg beskriv han seg sjølv som dårligare enn ho.
Eksempel: ”Den ranke nakken, som det er så vanskelig å få blikket fra – selv om han naturligvis vet at det er umulig, at det aldri kan bli. Han er ikke mer enn en knoklete halvutvokst guttunge ennå, og hun?”. Guten blir også indirekte personskildra. Han er forelska i Gun-Eva som er fjorten år. Ho blir direkte personskildra og kjenslene hennar kommer derfor ikkje så godt fram. Det kan vere for å holde på spenninga og ikkje avsløre alt i novella.
Eksempel: ”Det alvorlige blå blikket hennes. Den hvite blusen med det tynne sølvkjedet i halsen.”.

Novella skildrar ein situasjon i eit bursdagsselskap og handlinga går berre over nokre få minutt. Tredjepersonsforteljaren fortel at guten deltar i ein leik som inneber at dei skal flytte ein appelsin frå halsgrop til halsgrop. Da det blir han sin tur, raudnar han og klassekameratane hans startar å le. Han greier det tilslutt, til tross for at han held på å miste appelsinen i golvet to gonger.
Effekten av å bruke tredjepersonsforteljar i ”Rødme” er å få eit breiare perspektiv på guten sine kjensler. Ein klarar lettare å tolke kjenslene til guten gjennom den indirekte personskildringa som blir skapt av det sosiale presset frå kameratane hans. Forfattaren vil derfor at vi skal føle medkjensle med guten. Forteljinga er skriven i refererande synsvinkel for at vi sjølv skal konkludere i kva som er rett og galt, med sterk innflytelse frå forfattaren. Det kan virke som om forteljaren ikkje har eit forhold til guten og vil ikkje blande seg inn, men sympatiserer likevel med han.
Forteljinga blir fortald i presens, men vi får i slutten av novella vite at det er retrospektivt fortald. Dette skapar ei ekstra kjenslerik oppleving fordi vi får følgje hovudpersonen og kjenslene hans i augeblikket det hendar. Effekten blir da at vi får ei så detaljert skildring av ein situasjon som er fortald tiår etter hendinga. Dette viser lesaren kor viktig situasjonen var for forteljaren, som i ettertid viste seg å være guten i forteljinga.

Det blir brukt lite språklige verkemidlar i teksten, men appelsinen er viktig symbol på kjærleiken som kan eksistere mellom dei to. På slutten av novella er det også ei skildring som seier at dufta av appelsinen kommer tilbake i tiår etterpå. Dette betyr at hans kjensle av forelsking ikkje berre har høyrt barndommen til, men og kome att i seinare tid.
Det blir også tatt i bruk metaforar som for eksempel: ”…ørene hans brenner.” og ”Klassekameratenes knis og latter slår i bølger mot ham…”, men det skjer ikkje regelmessig. I tillegg er det viktig å observere at forfattaren berre tek i bruk miljøskildring som innleiing på novella. I resten av novella fokuserar forteljaren på handlinga, og nærmast stengjer ute omgivnadene.

Novella tek opp ein situasjon som hendar dei fleste ungdomar. Sjølv om dei konkrete elementa i teksten er som sagt veldig tradisjonelle, øydelegg ikkje det bodskapen til forfattaren. Det er tydeleg at han på slutten av novella prøver å fortelje kor flott forelsking er gjennom lukta av appelsin seinare i livet. Han ser tilbake og ein får kjensle av at han meiner han var naiv. Dette tyder på at han har vakse.
Kommentar: Du begynner å få godt tak på novelleanalyse. Jobb med rettskrivinga, så kan dette bli rett så bra!
Karakter: 4+
Karakter: 4+
Awesome
SvarSlettBra jobba, men jeg trenger info :)(:
SvarSlettHva er motivet egentlig?
SvarSlettHva er dette?
SvarSlett